Hopp til innhald

Soria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Soria
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Spania
Region Castilla y León
Provins Soria
Del av Q107554228
Høgd 1 063 m
Areal 271,8 km²
Folketal 40 750 (2024)
Postnummer 42001–42005
Kart
Soria
41°46′00″N 2°28′00″W / 41.766666666667°N 2.4666666666667°W / 41.766666666667; -2.4666666666667
Wikimedia Commons: Soria

Soria er ein by nord i det sentrale Spania og provinshovudstaden i provinsen Soria i den autonome regionen Castilla y León. Kommunen hadde opp under 40 000 innbyggjarar, nesten 40 % av innbyggjarane i provinsen. Han ligg ved elva Duero aust i regionen og byen er kjend for murane og kyrkjene.

Opphavet til namnet er omstridd. Det kan ha kome frå den geske helten Orias, eller det kan kome frå Daurias, eit gammalt namn på elva Duero.

Madonna del Mirón-eremitasjen, bygd på 500-talet av suebar.
San Saturio-eremitasjen.
Hovudplassen i Soria.

Området rundt Soria var busett av iberarar, som slo seg saman med keltarar og danna keltiberarar rundt 300-talet fvt.

Under den romerske invasjonen av Spania, vart Soria omleira og innbyggjarane tok kollektivt sjølvmort for å sleppe unna slaveri. Etter at Vestromarriket fall, vart byen bygd opp att av suebar. Seinare, etter at arabarane erobra Spania, vart han viktig som ein by nær grensa til dei kristne områda, som på 700-talet hadde stabilisert seg på andre sida av Duero.

I 869 var Soria senter for opprøret til Suleyman ibn-Abus mot Kalifatet Cordoba, som sende sonen sin Hakan for å stoppe det. Tidleg på 1100-talet vart byen erobra av Alfonso I av Castilla, og vart absorbert kongedømet León i 1134. På grunn av den strategiske plasseringa på grensa til kongedøma Castilla, Aragon, Navarra og León, vart Soria i mellomalderen senter for fleire konfliktar mellom dei. Alfonso VIII av Castilla gav som løn for støtta til byen fleire privilegium som dei fekk halde fram til moderne tider. I 1195 vart byen storma av Sancho VII av Navarra, men vart seinare gjenerobra og utvikla seg seinare stort.

Soria vart langt mindre viktig etter at Aragon og Castilla vart samla til eit kongedøme i 1479, og særleg etter eit påbod mot jødane i 1492. Under den spanske arvefølgjekrigen, tidleg på 1700-talet, gjekk Soria inn på Filip V si side. I 1808 vart byen erobra og sett i brann av franske troppar.

Den økonomiske og sosiale krisa i Spania tidleg på 1900-talet og den spanske borgarkrigen med diktaturet til Francisco Franco som følgde, hadde negative innverknader på Soria og området rundt, som vart avfolka på grunn av stor fråflytting.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Soria