Tirana
Tirana | |||
Tiranë | |||
Kommune | |||
Utsyn over Skanderbeg-plassen i Tirana
| |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Tirana | ||
Høgd | 110 m | ||
Areal | 41,8 km² | ||
Folketal | 598 176 (2023)[1] | ||
Grunnlagd | 1614 | ||
Tidssone | UTC +1 | ||
![]() Tirana 41°19′44″N 19°49′04″E / 41.328888888889°N 19.817777777778°E | |||
![]() Tirana kommune innafor regionen Tirana
| |||
Wikimedia Commons: Tirana |
Tirana (albansk Tiranë) er hovudstad og den største byen i Albania. Offisielt har sjølve byen 389 323 innbyggjarar (2023), men uoffisielle overslag går mykje høgare. Dei 14 tidlegare kommunane som i dag utgjer storkommunen Tirana, hadde til saman 598 176 innbyggjarar.[1] Tirana er ein kommune i regionen med same namn og er hovudstad i regionen.
Tirana vart grunnlagt av den osmanske hærføraren Sulejman Pasha i 1614. Opphavet til namnet er usikkert; ein populær teori er at han er oppkalla etter Teheran etter Sulejman si erobring av Persia.[2] I 1920 vart byen utnemnd til mellombels hovudstad, som eit kompromiss mellom dei nordlege og sørlege delane av Albania.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]
Den noverande kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Tirana vart slått saman med landkommunane Petrelë, Farkë, Dajt, Zall Bastar, Bërzhitë, Krrabë, Baldushk, Shëngjergj, Vaqarr, Kashar, Pezë, Ndroq og Zall Herr.[3] Dei tidlegare landkommunane inngår som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Tirana.

Den tidlegare bykommunen Tirana var delt inn i 11 bydelseiningar, som òg i dag er admnistrative einingar:
- Tirana 1
- Tirana 2
- Tirana 3
- Tirana 4
- Tirana 5
- Tirana 6
- Tirana 7
- Tirana 8
- Tirana 9
- Tirana 10
- Tirana 11
Tidlegare administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Tirana hovudstad i distriktet Tirana.[4] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Tirana.[3]
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Kommunaleining | Folketal 2011[5] | Folketal 2023[1] |
---|---|---|
Baldushk | 4 576 | 3 879 |
Bërzhitë | 4 973 | 4 291 |
Dajt | 20 139 | 35 170 |
Kashar | 43 353 | 89 395 |
Ndroq | 5 035 | 4 169 |
Petrelë | 5 542 | 5 723 |
Pezë | 6 272 | 5 704 |
Farkë | 22 633 | 36 266 |
Shëngjergj | 2 186 | 1 377 |
Tirana | 418 495 | 389 323 |
Vaqarr | 9 106 | 9 221 |
Zall Bastar | 3 380 | 2 813 |
Zall Herr | 9 389 | 8 822 |
Krrabë | 2 343 | 2 023 |
Kommunen Tirana | 557 422 | 598 176 |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Censusi i popullisë dhe baneshave në Shqipëri 2023: Tirana» (PDF) (på albansk og engelsk). Instat: Instituti i statistikes. 2024. Henta 19. mars 2025.
- ↑ Nick Swift. «The history of Tirana a fusion of Islamic and Christian influences» (på engelsk). City Mayors. Henta 19. mars 2025.
- ↑ 3,0 3,1 «Ligj nr. 115/2014: Për ndarjen administrativo-territoriale të njësive të qeverisjes vendore në Republikën e Shqipërisë». Fletorja Zyrtare: Viti 2014 – Numri 137 (på albansk og engelsk). qbz.gov.al. 2013. Henta 12. mars 2025.
- ↑ «Ndarja administrative-territoriale e vitit 2000» (på albansk). ShtetiWeb. Henta 12. mars 2025.
- ↑ «Censusi i popullisë dhe baneshave: Tiranë 2011» (PDF) (på albansk og engelsk). Instat: Instituti i statistikes. 2013. Henta 19. mars 2025.